Historikk

​Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) vart skipa i Stord i 1946 som eit regionalt samarbeidstiltak for å sikre stabil og tilstrekkeleg tilgang på elektrisk kraft til Sunn- og Midthordland.​

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) vart skipa i Stord i 1946 som eit regionalt samarbeidstiltak for å sikre stabil og tilstrekkeleg tilgang på elektrisk kraft til Sunn- og Midthordland.

Gjennom ein retta emisjon mot Karmsund Kraftlag i 1951 (i dag Haugaland Kraft), vart samarbeidet utvida til òg å omfatte Nord-Rogaland (Haugalandet).

I fleire år på rad er SKL kåra til eit av landets mest veldrivne og lønsame energiselskap. No står me framfor nye utfordringar med å utvikle selskapet vidare gjennom fleire spanande vasskraftprosjekt.

 

KRAFTPRODUKSJON
Kraftproduksjon er og har alltid vore SKL sin viktigaste aktiviet. SKL eig og driv i dag i alt 8 kraftstasjonar i Kvinnherad, Fusa og Stord, og har 8,75 % eigardel i Sima kraftanlegg i Eidfjord. Samla yting er 700 MW, og vasskraftproduksjonen er omlag 2.600 GWh i eit nomalår.

Alle SKL sine kraftverk har konsesjon utan heimfall. Dette vert og stadfesta ved regjeringa si provisoriske tilordning av 10. august 2007.

Av produksjonen kjem 60 % frå Blådalsvassdraget (Blåfalli) i Matre i Kvinnherad kommune. Her er rundt 30 % av nedslagsfeltet dekka av isbre (Folgefonna), noko som har utjamnande effekt på tilsiga slik at ein òg kan få høg produksjon i år med lite nedbør.

Gjennom ein retta emisjon våren 2003 gjekk SKL inn som 15 % eigar i Aktiselskabet Saudefaldene. Med det vidareførte og styrka Elkem og SKL sitt lange samarbeid for oppgradering og utbygging av kraftanlegga i Sauda.

KRAFTSAL I ENGROSMARKNADEN
Kraftsalet skjer i engrosmarknaden og utgjorde 1992 GWh i 2010. Dette vart dekka gjennom eigenproduksjonen på 1415 GWh og kjøp av 577 GWh.

KRAFTTAK FOR FRAMTIDA
For å auke den norske energidistribusjonen basert på fornybare energikjelder, ønskjer styresmaktene å prioritere opprusting og utviding av allereie utbygde vassdrag. SKL har teke denne utfordringa på alvor, og har over tid arbeidd aktivt for å auke produksjonen i Blådalsvassdraget i Kvinnherad, gjennom deltaking i Saudaprosjektet og arbeider no med opprusting av anlegga i Litledalen, Etne kommune.

I Blådalsvassdraget er fleire tiltak gjennomført, kor av det største var bygginga av kraftverket Blåfalli Vik. Dette kraftverket har ein installert effekt på 230 MW, og årleg middelproduksjon på 710 GWh.

Blåfalli Vik erstattar kraftverka Blåfalli I og II lengst nede i vassdraget. Blåfalli II var tidlegare det eldste og største kraftverket i SKL. Sidan oppstarten i 1953 produserte det 27 TWh, men m.a. slukeevna i kraftverket var for lita. Dette gav år om anna vasstap, samstundes som det hindra ei fleksibel og effektiv utnytting av dei andre kraftverka lengre opp i vassdraget.

Blåfalli II og I vart fasa ut då det nye kraftverket Blåfall Vik sto klart sommaren 2007.

SMÅKRAFT
Småkraft er eit viktig satsingsområde for SKL.
Både åleine og i samarbeid med andre energiselskap i regionen, arbeider SKL med ei rad prosjekt i Ryfylke, Haugalandet, Hardanger, Sunnhordland og delar av Midthordland. Nokre anlegg er ferdige - og i drift, andre er under bygging, og nokre har fått eller ventar på å få konsesjon.

MEIR UT AV KVAR DRÅPE
Ein moderne kraftstasjon utnyttar i dag over 90 % av energien i regnvatnet. Til samanlikning utnyttar bilane i dag berre omlag 30 % av energien i bensinen.

Framtidsretta energiforsyning betyr å ta i bruk ny teknologi og den fremste kompetansen!