Kompetanse

Me treng gode krefter i jakta på meir fornybar energi

Vestlandet er velsigna med store mengder nedbør, og i SKL jobbar me med å nytta denne ressursen best mogleg til produksjon av berekraftig og miljøvennleg vasskraft. Til dette utviklingsarbeidet treng me din energi, ditt engasjement og di skaparkraft.

Vidt spekter

Me er først og fremst på jakt etter entusiastiske personar med kompetanse innan vasskraft, elektro-, maskin- og byggfag, som har solid ballast i form av kunnskap om matematikk og fysikk.
Samstundes er utviklings- og foredlingsprosjekta våre også avhengige av trygg økonomistyring, ryddig prosjektleiing, velfungerande IKT-system og solid juridisk kompetanse.