Unikt opphav

Vilt, vakkert og høgt heva over Hardangerfjorden ligg Folgefonna, Noregs tredje største isbre. Prektig og majestetisk veltar han seg ut over fjellformasjonane og kler landskapet med sine karakteristiske linjer og særeigne lys.

Folgefonna spelar ei viktig rolle i kraftproduksjonen vår. Ved avrenningsfeltet til den søre brearmen startar Blådalsvassdraget, som har vore sjølve hjarta i kraftproduksjonen til SKL gjennom fleire generasjonar. Frå vatnet i Blådalsvassdraget kjem nær 80 prosent av elektrisiteten me produserer.

Lokaliseringa til Blådalsvassdraget, og den naturlege topografien med høge fjell nær vestkysten av Noreg, gjer landskapet svært nedbørsrikt. Årleg fell det over 4000 millimeter nedbør i området, og Indre Matre har den norske nedbørsrekorden med 230 millimeter i løpet av eitt døgn. All denne nedbøren sørgjer for godt tilsig til dei 11 magasina SKL har i Blådalsvassdraget. Vassmagasina gir oss ein påliteleg og fleksibel produksjon, der me har jamn og god tilgang på vatn og kan samkjøra produksjonen i tråd med etterspurnaden i marknaden.

I tillegg gir Folgefonna oss eit viktig ess i ermet. Det naturlege smeltevatnet som isbreen tilfører Blådalsvassdraget har nemleg ein utjamnande effekt, slik at SKL også kan oppretthalda ein høg produksjon av rein og berekraftig vasskraft i periodar med lite nedbør. Det iskalde brevatnet inneheld dessutan lite næringssalt og organisk materiale, noko som naturleg avgrensar det biologiske mangfaldet i vatnet. Dermed har kraftproduksjonen vår relativt liten påverknad på livet i vassdraget.