Sponsor støtte

Born og unge er eineståande - SKL gjev dei støtte! SKL skal gje tilskot til eit attraktivt og kreativt lokalsamfunn.

Framtida er avhengig av at born og unge med draumar og talent får utvikle seg. SKL bidreg til at vi skal ha nokon å sjå opp til, nokon som kan og vil mykje, og som gjev oss gode opplevingar.

SKL stiller høge krav til tillit, respekt og lojalitet. Sponsorsamarbeidet skal støtte selskapet sine kjerneverdiar der aktivitetar skal byggje på samfunnsansvar og løysingsfokus.

SKL vil gje noko tilbake til samfunnet som har gitt oss høve til å forvalte naturressursar. Samarbeidet skal gje dei unge høve til å nå nye mål, og presentere SKL som ein aktiv og regional aktør.  

SKL ynskjer hovudsakeleg å bidra til at born og unge får høve til å utvikle sine talent, anten det er på scena eller på idrettsbanane, innan natur og miljø eller (fag)kunnskap.

Det kan søkjast om støtte innanfor følgjande område:

  • Idrett
  • Kultur 
  • Realfag
  • Natur og miljø

Søknadsfrist årleg innan 28. februar. Søknader vert registrert i perioden frå 1. november og fram til søknadsfristen.
Alle søknadar får svar årleg innan 1. april.

Formål



Takk for din melding.