Småkraft

Småkraft er eit viktig satsingsområde for SKL.

Både åleine og i samarbeid med grunneigarar og andre energiselskap i regionen, arbeider SKL med ei rad prosjekt i Ryfylke, Haugalandet, Hardanger, Sunnhordland og delar av Midthordland, i tillegg til Jølster, Sogn og Fjordane. Nokre anlegg er ferdige og i drift, andre er under bygging, og nokre har fått eller ventar på å få konsesjon.