SKL som arbeidsgjevar

Om du kjem til oss med erfaring frå anna verksemd eller direkte frå skulebenken, er du like velkomen. Me ynskjer deg med på eit lag som dreg saman, og som veit å verdsetta kvar enkelt sin kompetanse og kunnskap.

Me som er her kan læra og utvikla oss vidare. Dei som kjem kan tilføre ny kunnskap og få del i gammal erfaring. Slik vert alle betre, og det er det me vil, både som menneske og organisasjon.