Eit kraftsenter for framtidsretta energiforsyning

Sunnhordland Kraftlag (SKL) har som visjon å vera eit kraftsenter for framtidsretta energiproduksjon.

Frå 1.1.2016 er SKL eit reindyrka produksjonsselskap. Nett og marked er overteke av Haugaland Kraft, medan SKL har teke over Haugaland Kraft si produksjonsverksemd. Dei strukturelle endringane vil sikra og kvalitetsbetra beståande produksjon i SKL, og gje rom for ny produksjon og utbygging.

Historie

I 1953 sette SKL i drift det første aggregatet i Blådalsvassdraget i Kvinnherad, og med det blei det lagt eit svært viktig grunnlag for utvikling i regionen. I meir enn 60 år har det, mest kontinuerleg, vore bygd ut vasskraft frå dette vassdraget og bygd overføringslinjer som skal syta for ei god og sikker straumforsyning. SKL har også vasskraftverk i Fusa kommune, Stord kommune, og har 8,75% eigardel i Sima kraftverk i Eidfjord, samt 2.54% i Ulla-Førre anlegga. I tillegg eig SKL 15% av aksjane i AS Saudefaldene.

SKL i dag

I dag er heile samfunnet bygd kring ei sikker tilførsle av straum, og frå ein regional ståstad er det selskapet si målsetjing å framskaffe og utvikle ny kraftproduksjon.

Selskapet hadde i 2016 ei omsetning på 710 mill kr og eit resultat etter skatt på 161 mill kr. Hovudkontoret ligg i Stord, eit mangfaldig regionsenter som òg er i vekst og positiv utvikling.

Forretningsområde

Kjerneverksemda til SKL er produksjon og engrosomsetning av elektrisk kraft. Kraftproduksjonen i 2016 var 1.848 GWh i eigne anlegg. Totalproduksjon i eigne og deleigde anlegg er omlag 2.600 GWh i eit normalår.

Meir ut av kvar dråpe

Ein moderne kraftstasjon utnyttar i dag over 90 % av energien i regnvatnet. Til samanlikning utnyttar bilane i dag berre rundt 30% av energien i bensinen.

Framtidsretta energiforsyning betyr å ta i bruk ny teknologi og den fremste kompetansen!

Andre aktivitetar

På Stord har selskapet ein døgnbemanna driftssentral.