SKL tildeler kontraktar innan bygg, elektro og mekaniske leveransar til Løkjelsvatn kraftverk

Sunnhordland kraftlag AS har i dag tildelt 4 kontrakter i forbindelse med bygginga av Løkjelsvatn kraftverk.

  • Bygg- og anleggsarbeid: YIT Norge AS
  • Mekanisk i kraftstasjon (turbin): Rainpower AS
  • Generator: Ge Renewable Norway AS
  • Apparat- og kontrollanlegg: Ge Renewable Norway AS

Løkjelsvatn kraftverk vil årleg produsera om lag 163 GWh. Hardeland kraftverk vil etter ombygginga produsera om lag 48 GWh, og Litledalen kraftverk om lag 27 GWh. Samla vil utbygginga gi 238 GWh/år, inkludert 20 GWh ny fornybar kraftproduksjon frå Løkjelsvatn kraftverk. Det tilsvarar elektrisitetsforbruket til omlag 15.000 norske hushald.

- Etter mange års drift er det naudsynt med ei omfattande rehabilitering av kraftverka i Litledalen. Desse består av Litledalen- (1920) og Hardeland Kraftverk (1950/1958). Løkjelsvatn kraftverk er ei oppgradering og utviding av desse kraftverka. I staden for å rusta opp eksisterande anlegg, vil SKL å byggja eit nytt anlegg i form av ny vassveg og kraftstasjon. Tiltaket inneber ei betra utnytting av kraftressursen i vassdraget enn alternativet med framleis drift av dagens anlegg. Tiltaket gir auka effektivitet, lågare drifts- og  vedlikehaldskostnadar og ei betre tilpassing til dagens kraftregime. Produksjonsgevinsten utgjer om lag 20 GWh per år.

Løkjelsvatn kraftverk vil nytta eit fall på om lag 550 meter mellom reguleringsmagasinet Løkjelsvatnet og Litledalsvatnet. Fallet vert i dag nytta i Hardeland- og Litledalen kraftverk. Det vert ingen endring av reguleringa av Løkjelsvatnet. Vatnet vert ført i tunnel frå inntaket til kraftstasjonen som vert bygd i fjell. Utløpet kjem i eksisterande utløpskanal frå Litledalen kraftverk.

Adm. direktør i SKL, John Martin Mjånes, seier han ser fram til å byggja eit moderne og ressurseffektivt kraftverk i Litledalsvassdraget. Det er utfordrande og spennande å setja i gang med investeringar i denne storleiken, seier han. Utbygginga er rekna til å kosta om lag 500 millionar kroner.
-I ei tid med stor aktivitet i entreprenørbransjen har me lukkast, og SKL er stolte av å kunna setja i gang nok eit stort prosjekt. Med få avbrekk har SKL bygd ut vasskraft samanhengande i heile sin 72-årige historie. Det vil me halda fram med, avluttar Mjånes.
Prosjektet er eit godt døme på fornying og smartare utnytting av eksisterande vassressursar. Det blir spennande å følgja arbeidet og den lokale verdiskapinga ringverknadane av dette kan utløyse.

KONTAKTPERSONAR: Adm. Direktør; John Martin Mjånes tlf 97 55 60 09 eller  avdelingsleiar store vasskraftprosjekt; Dagfinn Vatne, telefon 97 55 60 26

Nyhetsbrev