SKL søkjer om løyve til bygging av Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune

SKL ynskjer å rehabilitera anlegga i Litledalen. Løkjelsvatn kraftverk er ei oppgradering og utviding av Litledalen og Hardeland kraftverk.

SKL ynskjer å rehabilitera anlegga i Litledalen. Løkjelsvatn kraftverk er ei oppgradering og utviding av Litledalen og Hardeland kraftverk. Planen er å nytta delar av dei gamle kraftstasjonane samtidig som ein vil nytta eksisterande reguleringar og fall til å byggja eit nytt kraftverk i fjell, Løkjelsvatn kraftverk.

Kraftverket vil få ein installert effekt på 60 MW, og produksjon på om lag 163 GWh.

I søknaden vert det søkt om bygging av ca. 3,5 km nye tunnellar og deponering av om lag 250 000 m³ tunnelmassar fordelt på 3 tipplokasjonar

SKL har sendt konsesjonssøknad til NVE for handsaming, og søknaden ligg no til høyring med høyringsfrist 31.10.2016.

For innsyn i søknad, og vedlegg, kan denne lastast ned på NVE sine sider: Løkjelsvatn kraftverk - Dokumenter

For spørsmål om konsesjonssøknad og prosjektet kan ein kontakta:

 

Magne Andresen                                         Kjetil Heimvik

Konsesjonsansvarleg                                 Prosjektleiar

.(JavaScript must be enabled to view this email address)                                                      .(JavaScript must be enabled to view this email address)        

975 56 146                                                     975 56 052

Nyhetsbrev