SKL får konsesjon til å bygge Løkjelsvatn kraftverk

Olje- og energidepartementet skriv på sine heimesider: Sunnhordland Kraftlag AS er i statsråd 22. juni, gitt tillatelse til opprusting og utvidelse av kraftverk i Etnevassdraget i Etne kommune, Hordaland. Tillatelse er nå gitt til utbygging av Løkjelsvatn kraftverk, samtidig som Litledalen kraftverk og Hardeland kraftverk oppgraderes og får redusert installasjon.

Løkjelsvatn kraftverk vil årleg produsera om lag 163 gigawattimer (GWh). Hardeland kraftverk vil etter ombygginga produsera om lag 48 GWh, og Litledalen kraftverk om lag 27 GWh. Utbygginga vil gi 238 GWh/år, inkludert 20 GWh ny fornybar kraftproduksjon fra Løkjelsvatn kraftverk. Det tilsvarar elektrisitetsforbruket til omlag 15.000 norske hushald.

Styret i SKL gjorde i styremøte 11. juni investeringsvedtak om å bygge Løkjelsvatn kraftverk. Vedtaket er no gyldig i og med at styresmaktene har gjeve konsesjon.

- Etter mange års drift er det naudsynt med ei omfattande rehabilitering av kraftverka i Litledalen. Desse består av Litledalen- (1920) og Hardeland Kraftverk (1950/1958). Løkjelsvatn kraftverk er ei oppgradering og utviding av desse kraftverka. I staden for å rusta opp eksisterande anlegg, ynskjer SKL å bygge eit nytt anlegg i form av ny vassveg og kraftstasjon. Tiltaket inneber ei betra utnytting av kraftressursen i vassdraget enn alternativet med framleis drift av dagens anlegg. Tiltaket gir auka effektivitet, lågare drifts- og  vedlikehaldskostnadar og ei betre tilpassing til dagens kraftregime. Produksjonsgevinsten utgjer om lag 20 GWh per Løkjelsvatn kraftverk vil nytta eit fall på om lag 550 meter mellom reguleringsmagasinet Løkjelsvatnet og Litledalsvatnet. Fallet vert i dag nytta i Hardeland- og Litledalen kraftverk. Det vert ingen endring av reguleringa av Løkjelsvatnet. Vatnet vert ført i tunnel frå inntaket til kraftstasjonen som vert bygd i fjell. Utløpet kjem i eksisterande utløpskanal frå Litledalen kraftverk.

Adm. direktør i SKL seier han ser fram til å byggja eit moderne og ressurseffektivt kraftverk i Litledalsvassdraget. Det er utfordrande å setja i gang med investeringar i denne storleiken, seier han. Utbygginga er rekna til å kosta om lag 500 millionar kroner.

-I ei tid med stor aktivitet i entreprenørbransjen ser me at det krevjande å få gode kontraktar. Men me har lukkast, og SKL er stolte av å kunna setja i gang nok eit stort prosjekt. Med få avbrekk har SKL bygd ut vasskraft samanhengande i heile sin 72-årige historie. Det vil me halda fram med, avluttar Mjånes.

Ordførar i Etne kommune, Siri Klokkerstuen, uttalar at ho er glad for det positive vedtaket frå styret i SKL og styresmaktene sitt konsesjonsvedtak, slik at arbeidet kan ta til.
Prosjektet er eit godt døme på fornying og smartare utnytting av eksisterande vassressursar. Det blir spennande å følgja arbeidet og den lokale verdiskapinga ringverknadane av dette kan utløyse. 

Nyhetsbrev