SKL deler ut utdanningsstipendet for 2108

Under opninga av utdanningsmessa 2018 på Vikahaugane vart årets utdanningsstipend delt ut - tradisjonen tru.

Også i år er det SKL, i samarbeid med Stord Rotaryklubb som deler ut og finansierer stipendet. Årets vinnar er 21 år gamle Elin Skorpen. Ho held på med profesjonsutdanning ved NMBU Veterinærhøgskulen, linje veterinærmedisin, og reknar med å vera ferdig som veterinær 2021.

Etter endt utdanning ynskjer vinnaren å flytta attende til Sunnhordland.

Der vonar ho å bidra med ei allsidig og samfunnsnyttig utdanning som veterinær. Ynskjet er å starta klinikk på Tysnes med stordyrpraksis og mattilsyn. Veterinær innan fiskeri, produksjonsutstyr, eller smådyr kan og vera aktuelt.

Me ynskjer ho lukke til

Nyhetsbrev