SKL deler ut utdanningsstipendet 2017

Under opninga av utdanningsmessa på Vikahaugane vart - tradisjonen tru - utdanningstipendet delt ut

Årets vinnar er 22 år gamle Thomas Hellen frå Halsnøy. Han har ein bachelorgrad om korleis FMC-teknologi
kan nyttast i havbruksnæringa. For tida skriv han masteroppgåve ved Universitetet i Stavanger,
der han studerer industriell økonomi. 

Han fekk prisen på kr 35.000,- av Magne Heimvik på vegne av SKL og Stord Rotaryklubb.
-I dag har eg truleg den kjekkaste jobben på heile utdanningsmessa, sa Heimvik i talen sin.

I grunngjevinga for tildelinga nemnde Magne Heimvik fleire faktorar for tildeinga:

  • Havbruksæringa er ei vekstnæring - spanande utsikter
  • Viktig næring for regionen vår
  • Teknologi og økonomi er ein god fagkombinasjon.

Nyhetsbrev