Senking av Svartavatnet - Børtveit

Norges vassdrags- og energidirektorat har gjeve SKL AS løyve til ei tidsavgrensa senking av Svartavatnet på Børtveit i perioden 1. juli - 1. oktober 2017.

Vasstanden kan senkast ned til kote 343, dvs. ca. 4 meter lågare enn ved normal nedtapping i sommarhalvåret. Årsak til senkinga er arbeid med bygging av ny vassveg til Børtveit kraftverk.

Nedtappinga vil gjerast kortast mogleg.

På grunn av tapping av magasinet vert det større vassføring i Klubbaelvo og Børtveitelvo enn normalt.

Nyhetsbrev