Sender konsesjonssøknad om Onarheim Kraftverk

Onarheim kraftverk vil nytta fallet mellom kote 459 og kote 110 i Hellandselva i Kvinnherad kommune. Det vert søkt om å nytta inntil 72% av total tilgjengeleg vassmengde ved inntaket. Tiltaket omfattar ingen reguleringar eller overføringar frå andre vassdrag.

Inntaket er tenkt plassert like nedstraums utlaupet til Bremstølvatn. Inntaksdammen blir omtrent 2 m høg og 12 m brei. Vassvegen blir om lag 1 900 m lang. Dei øvste 700 m blir borehol, medan den resterande delen blir nedgravde røyr. Kraftstasjonen er tenkt plassert på kote 110, like nedanfor det eksisterande Madalen mikrokraftverk. Kraftstasjonen vert knytt til eigen avgang i Husnes koblingsstasjon med jordkabel (22 kV) på om lag 1,5 km.

Kraftverket får ein maskininstallasjon på 8,9 MW, og vil i eit middelår produsera om lag 29 GWh. Det tilsvarar straumforbruket til 1.500 norske husstandar. Andelen vinterkraft er omlag 44%.

Det vil ikkje bli behov for nye permanente vegar i samband med tiltaket.

Avrenningsfeltet til Hellandselva er bandlagt til kommunal vassforsyning. Råvasssinntaket til det kommunale vassverket ligg nedstraums avlaupet til planlagde Onarheim kraftverk. Dette vil medføra spesielle tiltak for å sikra kvaliteten på råvassstilførsla, spesielt i anleggsfasen.

Dominerande landskapselement langs Hellandselva er ei stor skogdekt dalside med snaufjell som bakteppe. Det er registrert éin verdifull naturtype innanfor tiltaksområdet; fossesprøytsone. Det er ikkje registrert trua vegetasjonstypar i tiltaksområdet. Følgjande raudlisteartar er rapportert innanfor influensområdet: gaupe, hønsehauk, hettemåke, vipe, taksvale, lomvi, fiskemåke, stær, ål samt tresorten barlind.

Konsekvensar knytt til fysiske inngrep samt fråføring av vatn er vurdert som middels negativ for fagtema akvatisk miljø, landskap og brukarinteresser. Forhold knytta til kulturminne og kulturmiljø (stølsveg) må avklarast ytterlegare. For øvrige tema er konsekvensen av tiltaket vurdert som liten negativ eller ubetydeleg.

Det er planlagt slepp av minstevassføring forbi inntakspunktet på 200 l/s i sommarhalvåret og 85 l/s om vinteren. Sleppet tilsvarar 5-persentilane for vassdraget.

Onarheim kraftverk er førebels kalkulert til å kosta 92,1 mill. kroner. Dette gir ein utbyggingspris på 3,18 kr/kWh.

Konsesjonssøknaden ligg no hjå NVE til handsaming. Klikk linken under for å sjå oppdatert informasjon. NVE vil leggja ut informasjon etter kvart som søknaden vert handsama, og kjem på høyring. Ta kontakt med NVE dersom du ynskjer meir informasjon.

Klikk her for å sjå oppdatert informasjon hjå NVE

Nyhetsbrev