Risvollelva kraftverk på høyring

Konsesjonssøknad for Risvollelva kraftverk i Sauda kommune er no på høyring med frist 27.6.2017.

Fråsegner vert å senda til NVE elektronisk via https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=7775&type=V-1
seinast innan 27.6.2017. Det er også mogleg å sende fråsegner per e-post til .(JavaScript must be enabled to view this email address) eller per post til:
NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Risvolleleva kraftverk er planlagd ved Saudasjøen, om lag 4 km vest for Sauda sentrum. Kraftverket vil i gjennomsnitt produsere 20,3 GWh i eit middels vått år, og vil få ein installert effekt på 6,2 MW. Inntaket er planlagd på kote 290, like oppstraums Risvollia. Derifrå er det planlagd ein 670 meter lang fullprofilbora tunnel, deretter 1050 meter nedgraven røyrgate på austsida av Risvollelva. Kraftverket vil verte plassert på kote 60. Det er planlagd mellombels anleggsveg langs røyrgata. Det vil bli rusta opp om lag 800 meter skogsbilveg fram til kraftstasjonen. Veg til tunnelpåhogg må òg rustast opp. Det er planlagd å sleppe ei minstevassføring på 150 l/s i perioden 1.5.-30.9. og 50 l/s resten av året.

Søknaden ligg ute på NVE sine nettsider:
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=7775&type=V-1

 

Nyhetsbrev