NVE gjev SKL løyve til å bygge Onarheim kraftverk

NVE skriv på sine heimesider: Kraftverket vil produsere om lag 27 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumforbruket til 1350 husstandar. I vedtak har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Onarheim kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi.

Det er gjort ei heilskapleg vurdering av søknaden, tilleggsutgreiing av alternativ inntaksplassering og dei mottekne høyringsfråsegnene. NVE meiner at dei negative konsekvensane primært er knytt til friluftsliv og landskap. Ved å plassere inntaket lenger ned enn det som opphaveleg var planlagt, meiner NVE at ulempene blir redusert i vesentleg grad. På bakgrunn av dette gjev NVE løyve til bygging av kraftverket etter alternativ 2 med inntak på kotehøgde 435. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ytterlegare ved å sette vilkår om mellom anna minstevassføring, omløpsventil og aktsemd i anleggsfasa.

Nyhetsbrev