KONSESJONSSØKNAD, OPO FLAUMKRAFTVERK

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) har sendt søknad til konsesjonsstyresmaktene (NVE) om konsesjon til å byggja Opo flaumkraftverk i Odda.

Opo flaumkraftverk består av ein flaumtunnel frå Sandvinvatnet til Sørfjorden med kapasitet på 500 m3/s. Lukene i flaumtunnelen vert opna ved flaumvassføringar i vassdraget, slik at vasstanden i Sandvinvatnet og vassføringa i Opo vert redusert. For å finansiera utbygging og drift av flaumtunnelen vert det etablert eit kraftverk med slukeevne 75 m3/s og effekt på 55 MW i tilknyting til flaumtunnelen. Flaumtunnel og kraftverk ligg i fjellet vest for Odda sentrum. Sandvinvatnet beheld sin naturlege vasstandsvariasjon på 0,9 m, mellom kote 86,5 og 87,4.

Årsproduksjonen i kraftverket er 170 GWh/år og utbyggingskostnaden er rekna til 600 mill. NOK. Det er ein føresetnad for utbygging at prosjektet er bedriftsøkonomisk lønnsamt for SKL, slik at kraftverket evner å finansiere flaumtunnelen.

Søknaden ligg no hos NVE som har lagt denne ut på offentleg høyring.

Klikk her for å koma til konsesjonssøknaden på NVE sin nettstad

Nyhetsbrev