John Martin Mjånes vert ny administrerande direktør i SKL

Styret i SKL har tilsett John Martin Mjånes (42 år) som administrerande direktør.

Eg er svært godt nøgd med at Mjånes skal overta som administrerande direktør i SKL, seier styreleiar Didrik Brun Ferkingstad. Mjånes har solid erfaring frå stillinga som viseadministrerande direktør i SKL gjennom fleire år. Han har mellom anna vore sentral i dei omfattande endringsprosessane som har vore i selskapet dei siste åra. Han har alle dei eigenskapar som vert viktige for å leia SKL i den utfordrande tida som kjem, seier Ferkingstad                 

SKL er ei spanande verksemd å vera øvste leiar for. Me har fleire store prosjekt me arbeider med, m.a. nytt kraftverk i Etne og konsesjonsøkt flaumkraftverk i Odda. Saman med motiverte og kompetente medarbeidarar ser eg lyst på framtidsutsiktene for SKL. Rein og fornybar energi er eit av våre fremste naturlege fortrinn i Norge. Det skal me nytta til det beste for tilsette, eigarar og samfunn, seier John Martin Mjånes

John Martin Mjånes er utdanna siviløkonom og statsautorisert revisor frå Norges Handelshøyskole. Då han kom til SKL i 2008 som økonomisjef hadde han erfaring frå ulike stillingar i Wärtsilä Norway. Han har også erfaring som revisor i Ernst & Young.

John Martin Mjånes tiltrer stillinga 1. Januar 2018.

Nyhetsbrev