Folgefonnsenteret opna

I strålande sol, og med eit festkledd Rosendal som bakgrunn opna statsminister Erna Solberg Folgefonnsenteret tysdag 2. mai.

SKL har vore ein viktig bidragsytar til Folgefonnsenteret heilt frå starten. Selskapet vart nemnt som ein av dei viktigaste og mest trufaste støttespelarane då styreleiar Knut Førland heldt opningstalen sin.

Folgefonnsenteret skal vera ein samlingsplass for forskning, kunnskapsformidling og oppleving. Universitetet i Bergen/Bjeknessenteret, Miljødirektoratet og Havforskningsinstituttet er sentrale institusjonar som har lagt aktivitetar til senteret. Nyleg er det også teikna ein avtale med StormGeo og TV2 Skole som også skal bruka Folgefonnsenteret.

SKL har i samarbeid med GREENSTAT og Bjerknessenteret ein eigen stasjon som viser korleis utviklinga av regionen og samfunnet elles, er bygd opp rundt ei sikker forsyning av fornybar energi - og korleis dette kan utviklast vidare.

Det er vel verd å ta turen til Rosendal for å sjå, og oppleva Folgefonnsenteret.

Nyhetsbrev