Flaumsikring og kraftverk i Opo – planlegginga går for fullt

I avdelinga «Utvikling vasskraft» er det god framdrift i planleggingsarbeidet med flaumsikring og vasskraftproduksjon i Opo. Det har vore møter med Odda kommune, og eit ope folkemøte i regi av NVE.

På bakgrunn av innkomne høyringsuttalar har ein i tillegg til det innmeldte alternativet vest for sentrum i Odda også varsla NVE at SKL ynskjer å utgreia eit alternativ aust for sentrum, og elva. Begge alternativa vert utgreidd vidare, og ein vil finna fram til den mest optimale løysinga basert på all kunnskap og informasjon ein har fått så langt i prosjektet. Konsekvensutgreiing for begge alternativa går for fullt. Alle som er involvert i arbeidet frå SKL går ein travel haust i møte. Sjølve arbeidet med konsesjonssøknaden er starta opp. Dette for å vinna så mykje tid som råd. Opo-prosjektet skal handsamast av styret i SKL i oktobermøtet. Dersom det vert gjort ei positivt vedtak er målet å senda konsesjonssøknaden 31. oktober.

Nyhetsbrev