Årsrekneskap 2017 for SKL

Etter ei årsomsetning på 806,5 mill. kr, fekk konsernet SKL i 2017 eit resultat etter skatt på 152,9 mill. kr.
Resultatet er 8,5 mill. kr svakare enn i 2016.
Driftsresultatet i 2017 vart 410,5 mill. kr mot 283,7 mill. kr året før.

Skattekostnaden for 2017 er rekna til 253,5 mill. kr, mot 99,7 mill. kr i 2016.

Sjølv om årsresultatet er redusert i forhold til 2016 er underliggande drifta forbetra. Mellom anna inneheld 2016 tala gevinst frå sal av verksemder, mens tala for 2017 er belasta med nedskriving av byggmasse som ikkje tilhøyrer kjerneverksemda.

God produksjon og moderat kraftpris auka dekningsbidrag for produksjon til 710,9 mill. kr mot 522 mill.kr for 2016. Kraftproduksjonen til selskapa konsolidert i konsernet var i 2017 på 2 626 GWh, som er 14,5% over midlare produksjon. Meirproduksjonen på 333 GWh skuldast godt tilsig i 2017. Magasinstanden er 38 GWh høgare ved utgangen av 2017 enn ved inngangen til året.

Gjennomsnittleg områdepris der SKL har hovuddelen av sin produksjon enda på 26,9 øre/kWh, 3,6 øre/kWh høgare enn i 2016.

Samla investeringar for konsernet utgjer 72 mill. kr. Av dette utgjer 18,9 mill.kr investeringar i småkraftverk organisert i eigne selskap. I tillegg er det investert ca 15,7 mill.kroner i lån og eigenkapital i tilknytt småkraftselskap. Resterande investeringar gjeld utbetringar og vedlikehaldsinvesteringar, mellom anna ny vassveg for Børtveit småkraftverk.

Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit reindyrka konsern innan produksjon- og utvikling av fornybar vasskraft.

SKL sin kraftproduksjon ligg i all hovudsak i Hordaland- og Rogaland fylke. Hovuddelen av kraftproduksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådals-vassdraget. SKL har også ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune tilknytt Litledalen- og Hardeland Kraftverk. I tillegg eig og driv SKL Eikelandsosen kraftverk i Fusa, Rødne Kraftverk i Vindafjord, Bordalsbekken i Tysvær og to mindre stasjonar på Stord. SKL er også medeigar i Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust Agder. Midlare kraftproduksjon i stasjonane er 2 224 GWh.

Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. I konsernet inngår også 6 småkraftverk i eigne selskap med ein total midlare kraftproduksjon på 60 GWh. Gjennom tilknytt selskap har SKL eigarskap i 7 småkraftverk, og 3 er under bygging med venta idrift-setting tidleg i 2018.

Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.

Driftssentralen som overvakar og styrer produksjonsanlegga er lokalisert til Stord, som også er sete for hovudkontoret til selskapet.

SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift og gjennom NAV hatt avtale om Inkluderande Arbeidsliv. Erfaringane med dette samarbeidet er svært gode, og det er etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi med heilskapleg fokus på faktorane helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Sjukefråværet var i 2017 på 1,5 %.

Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 58,5% av bokførte verdiar gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte verdiane. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet.

Årsrekneskapen vart handsama i styret 26. februar 2018. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på 115 mill. kr. Generalforsamlinga vert halden 9. april.

 

Nyhetsbrev