Miljøvenleg

Vasskraft frå SKL er rein, fornybar og berekraftig energi.

Produktet er klimavennleg, og produksjonsprosessen er påliteleg, fleksibel og teknologisk velprøvd. Av alle teknikkar for å produsera kraft, har vasskrafta den høgaste verkegraden, den lengste levetida og det heilt utan klimautslepp.

  • Kraftstasjonane våre utnyttar heile 90 prosent av råenergien i vatnet. Det er den reinaste krafta du kan få. Til samanlikning greier eit kolfyrt varmekraftverk berre å utnytta knapt 50 prosent av energien i kolet.
  • Råvara i energiproduksjonen er vatn, som me har rik tilgang på i form av dei store nedbørsmengdene på den norske vestkysten og smeltevatn frå isbreen Folgefonna. Denne ressursen er fornybar og utømeleg, og legg grunnlaget for berekraftig elektrisitetsproduksjon i generasjonar framover.
  • Produksjon av vasskraft slepp ikkje ut klimagassar, og bidreg både til å motverka den globale oppvarminga og til å avgrensa uttøminga av ikkje-fornybare energiressursar.
  • I SKL har me stort fokus på at vasskraftutbyggingane våre skal skje med minst mogleg påverknad av fiskebestandar, biologisk mangfald og landskap i områda me byggjer ut.
  • Det vert ikkje tomt for rein nergi hos oss, Vasskraftverk med magasin gir ein påliteleg og fleksibel energiproduksjon. Til forskjell frå fornybare energikjelder som vind- og solkraft, kan vasskraftverk med magasin produsera elektrisitet også når det er vindstille og lite sol. Samstundes gir magasina høve til å justera produksjonen i samsvar med etterspurnaden i marknaden.