Kraftproduksjon

Kraftproduksjon er og har alltid vore SKL sin viktigaste aktiviet. No skal vi gjere berre det. Frå 1.1.2016 vert SKL eit reindyrka produksjonsselskap, medan Haugaland Kraft tek over vår tidligare nettverks- og marknadsverksemd. SKL overtek samstundes Haugaland Kraft sine kraftstasjonar og produksjonsverksemd.

SKL eig og driv 11 kraftstasjonar i Kvinnherad, Etne, Fusa og Stord, og har 8,75 % eigardel i Sima kraftanlegg i Eidfjord, samt 2,54 % i Ulla-Førre anlegga. Samla yting er 566 MW, og middel-årsproduksjon utgjer 2.100 GWh. I tillegg eig SKL 15% i AS Saudefaldene

Alle SKL sine kraftverk har konsesjon utan heimfall.

Av produksjonen kjem 65 % frå Blådalsvassdraget (Blåfalli) i Matre i Kvinnherad kommune. Her er rundt 30 % av nedslagsfeltet dekka av isbre (Folgefonna), noko som har utjamnande effekt på tilsiga slik at ein òg kan få høg produksjon i år med lite nedbør.

SKL eig i tillegg ålene eller i saman med andre ei rekkje småkraftverk over store delar av Vestlandet, hovudsakleg i området mellom Bjørnefjorden og Boknafjorden