Kontinuerleg modernisering

Moderne kraftstasjonar utnyttar heile 90 prosent av råenergien i vatnet.

Men det er alltid rom for forbetringar, og derfor har SKL i alle år satsa på kontinuerlege oppgraderingar og moderniseringar av kraftstasjonane våre - for å gjera dei endå meir miljøvenlege, effektive og haldbare.

Eit godt døme på dette er kraftstasjonen Blåfalli Vik som erstatta to eldre stasjonar då den vart etablert i 2007. Med minimale inngrep i naturen vart resultatet eit moderne og framtidsretta kraftverk og ein årleg produksjonsauke på om lag 100 GWh.