Framtid og spesialisering

Krafttak for framtida

For å auke den norske energidistribusjonen basert på fornybare energikjelder, ønskjer styresmaktene å prioritere opprusting og utviding av allereie utbygde vassdrag. SKL har teke denne utfordringa på alvor, og har over tid arbeidd aktivt for å auke produksjonen i Blådalsvassdraget i Kvinnherad og gjennom deltaking i Saudaprosjektet. I Blådalsvassdraget er fleire tiltak gjennomført, kor av det største var bygginga av kraftverket Blåfalli Vik. Dette kraftverket har ein installert effekt på 230 MW, og årleg middelproduksjon på 710 GWh. Blåfalli Vik erstattar kraftverka Blåfalli I og II lengst nede i vassdraget. Blåfalli II var tidlegare det eldste og største kraftverket i SKL. Sidan oppstarten i 1953 produserte det 27 TWh, men m.a. slukeevna i kraftverket var for lita. Dette gav år om anna vasstap, samstundes som det hindra ei fleksibel og effektiv utnytting av dei andre kraftverka lengre opp i vassdraget. Blåfalli II og I vart fasa ut då det nye kraftverket Blåfall Vik sto klart sommaren 2007.

Framtidsutsikter

Vasskraftproduksjonen er den klart største bidragsytaren til SKL sitt resultat, og selskapet har som målsetjing å styrke sin posisjon innan dette området. Vasskraft er ein miljøvennleg og fornybar ressurs med svært positiv verdiutvikling. Tilgang på ny produksjon får selskapet gjennom utvikling av Blådalsvassdraget i Kvinnherad, deltaking i Saudaprosjektet og gjennom ei målretta satsing på småkraft. For å ivareta omsynet til kostnadseffektiv drift er det etter SKL sitt syn òg viktig å gjere noko med nettstrukturen i regionen. SKL meiner at eit utvida regionalt samarbeid, i tillegg å styrke den økonomiske sida, òg vil bidra til å styrke funksjonar, arbeidsplassar og kompetansemiljø i regionen. Både "Reiten-rapporten" og implementering av EU sitt EL-direktiv 3 vil vera med å forma den framtidige nettstrukten. Frå 1.1.2016 vert SKL ein rein kraftprodusent. Då overtek selskapet Haugaland Kraft sin kraftproduksjon, samstundes som Haugaland Kraft overtek nett- og marknadsverksemda til SKL. Reindyrking, spissing og fokus på kjerneverksemder vert då realisert.